17:00 – 19:00 Kræsjkurs i teledans med live spelekvinner
19:30 – 21:00 Konsert med Reitir
21:30 Dansefest med de lokale torader-essene Trude Lien og Silja Lid Strysse
Reitir:
Bandet Reitir, med Aasmund Nordstoga, Sarah Jane Summers og Ingebjørg Lognvik Reinholdt i front, spelar og syng skotske folketoner med tekstar av den skotske nasjonaldikteren Robert Burns. 
To røynde kvedarar frå djupaste Telemark, saman med ein av samtidas beste skotske felespelarar, kan det bli betre? Ja, med virtuose gitarist Juhani Silvola, og allsidige Morten Kvam på kontrabass. Det blir nye freske arrangement på skotske folketonar og slåttar, og alt på klingande vest-telemål. Og denne kvelden sleppas herlegheita på plate!
På denne konserten blandas nye arrangement av folkekjære melodiar som Auld Lang Syne og A Red Red Rose blandes med skotske fartsfylte dansesullar til livligere dikt som Rigs o’ Barley og Weary fa’ you Duncan Gray.
Peter Fjågesund, professor i britisk litteratur og kulturkunnskap, har omdikta Burns sine viser til dialekt. Han skriv: Burns skreiv sjølv på dialekt, og bruken hans av dialekt var eit viktig «statement» for å gje prestisje og kraft bak språket til vanlege menneske, som sto utanfor den kulturelle eliten. Dette var faktisk eit hovudbodskap i heile romantikken, og Burns var ein av nybrotsmennene for denne tanken; han er ein periferiens mann som lyfter fram periferiens kultur i konkurranse med sentrumskulturen.
Med inspirasjon frå kveding og rota i Sarah Jane sin skotske tradisjon blir konserten som sitt eige vesle grenseland ein stad uti Nordsjøen som hyllar dialektar, dei folkelege visene og den nære poesien til folkediktaren Burns.
Reitir oppstod og gjorde sin første turne i 2020-2021, publikum tok det imot med så mykje åtgaum at dei krevde ei plate. «ei magisk konsertoppleving» Magne Brekke, Lyngheimtunet.
«»Fe Alt Som Eingong Va» is a brilliant idea and a beautiful album that will sweep you along with the obvious enjoyment of the performers.»
Reitir – Alt Som Eingong Va – Folking.com anmeldelse av Dai Jeffries (engelsk)
Review from RnR Magazine (jan/feb 2025 issue) by Nick Burbrigde: «Occasionally, in this business, one comes across wee gems like this one. It’s worth sitting in the dark to watch them glow!
Foto: Ingvill Skeie Ljones




